Endre Jerpstad

Faktaboks

Endre Jerpstad
Født
17. februar 1857, Meldal, Trøndelag

Artikkelstart

Endre Jerpstad var forfattar og kunstnar frå Meldal som på slutten av 1800-talet kritiserte korleis samfunnet tok seg av dei som fall utanfor fellesskapen.

Bakgrunn

Endre Jerpstad var fødd i Meldal (no Orkland) i Trøndelag. Jerpstad var fødd med sterkt deformerte armar og føter, og han kunne ikkje gå, men likevel vart måling og teikning ein viktig del av livet hans.

Forfattarskapen

Jerpstad gav ut tre bøker. Både Med egne illustrasjoner. Mit Liv og smaa Pennefrugter (1888), Aparte Folk (1894) og Mennesker, skisser (1912) er kvardagsskildringar av menneske som Jerpstad møtte. I Mennesker, skisser skriv Jerpstad humoristisk om folk frå heimbygda som var originale på ein eller annan måte. Bak dei humoristiske skildringane har han ein alvorleg bodskap om at samfunnet ikkje tek godt nok vare på dei som fell utanfor fellesskapen.

Biletkunsten

I tillegg til skrivinga brukte Jerpstad måling og teikning for å skildre miljøet i heimbygda si. Han teikna og måla ei rekkje realistiske portrett av bygdefolket, etter fotografi.

Frå slutten av 1920-åra fekk Jerpstad halv kunstnarløn frå staten for innsatsen han la ned som folkeopplysar.

Bibliografi

  • Med egne illustrasjoner. Mit Liv og smaa Pennefrugter (1888)
  • Aparte Folk (1894)
  • Mennesker, skisser (1912)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • O. Havdal (red.): Meldal Bygdebok, bd. 1: Bygdesoga til ikring 1700. Orkanger 1968

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg