Embla

Embla er eit kvinnenamn som har same form i dag som i norrønt. Det har usikkert opphav. Namnet er kanskje laga til norrønt almr (treet). Tilsvarande har namnet Ask, som vart bore av den fyrste mannen i norrøn mytologi, bakgrunn i eit treslag (ask).

Personar med namnet Embla

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var Embla Johannessen fødd 1900 i Kristiansund.

Kulturell bruk

  • Ask og Embla var dei fyrste menneska på jorda i norrøn mytologi. Odin og dei to brørne hans skapte Ask og Embla av to tre (ask og alm) på stranda.
  • Embla i «Lasso rundt fru Luna» (1954) og «Sangen om den røde rubin» (1956) av Agnar Mykle.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 670 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Embla som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg