Faktaboks

Elizabeth Inchbald
Elizabeth Simpson Inchbald
Uttale
ˈintʃbå:ld
Fødd
16. oktober 1753, Suffolk, England
Død
1. august 1821, London, England
Elizabeth Inchbald
Portrett frå cirka 1796

Elizabeth Inchbald var ein engelsk skodespelar og forfattar som hadde stor suksess i dei siste tiåra av 1700-talet.

Bakgrunn

Elizabeth Simpson vaks opp på ein gard nær Bury Saint Edmunds, i ein stor familie med kulturinteresserte foreldre. Ho skal ha hatt ein talefeil som likevel ikkje hindra henne i å leve ut ønsket om å vere skodespelar. Ho drog til London som 18-åring, og gifta seg året etter med Joseph Inchbald, som hadde same yrket. Dei to hadde roller i Shakespeare-stykker på skotske scener og turnerte også andre stader, men mannen døydde alt i 1779.

Forfattar for teateret

Sjølv om Elizabeth heldt fram med å spele roller på teater i London, hadde ho aldri same suksessen som ho snart skulle få som forfattar. Ho tok til å skrive korte farser som var oppført men ikkje trykt, og avanserte til større komedier. Dei første suksessane var A Mogul Tale (1784) og I'll Tell you What (1785). I alt skreiv ho omlag 20 stykke, der The Wedding Day (1794) og Wives as They Were and Maids as They Are (1797) kan nemnast som eksempel.

Romanforfattar

Då ho slutta som skodespelar, skreiv Inchbald to romanar som begge vart bestseljarar; A Simple Story (1791) og Nature and Art (1796). Inchbald tente gode pengar på forfattarskapen, ikkje minst på teaterstykka.

Inchbald og Austen

Lovers' Vows

I dag er kanskje Inchbald mest hugsa for å ha inspirert Jane Austen til ein viktig del av plottet i Mansfield Park (1814). Der skjer det avgjerande ting under ei amatøroppsetting av Inchbald-stykket Lovers' Vows (1798), og den teaterglade Austen la også inn fleire ekko av stykket i personar og handling. Dei to verka er svært ulike i sjanger og tone, men begge er slåande komedier over klassesamfunnet.

Omsettar av tyske drama

Lovers' Vows er Inchbald sin versjon av eit tysk drama av August von Kotzebue, med originaltittelen Das Kind der Liebe (1780). Dette tyske stykket er elles det første som vart oppført på Bergen Teater i 1794, med ekteparet Birgithe og Carl Kühle som drivande krefter. Elizabeth Inchbald adapterte også fleire av Kotzebues stykke i nokså frie versjonar tilpassa engelsk smak.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Golightly, Jennifer, The Family, Marriage and Radicalism in British Women's Novels of the 1790s: Public Affection and Private Affliction, Bucknell University Press, 2012.
  • Jenkins, Annibel, I'll Tell You What: The Life of Elizabeth Inchbald, University of Kentucky Press, 2003.
  • Sørbø, Marie N., 'Intertextual echoes of Lovers' Vows' i Irony and Idyll: Jane Austen's Pride and Prejudice and Mansfield Park on Screen, Amsterdam: Rodopi, 2014, s. 228-230.
  • Ty, Eleanor, Unsex'd Revolutionaries: Five Women Novelists of the 1790s, University of Toronto Press, 1993.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg