Ekstremsportveko er ein årleg festival for ekstremsport ved Bømoen flyplassVoss i Vestland. Festivalen har vore arrangert i juni-juli sidan 1997, før arrangøren i 2020 måtte avlyse på grunn av koronapandemien.

Festivalen inneheld konkurransar og oppvisningar i ulike idrettar og øvingar innanfor ekstremsport. I tillegg blir det arrangert filmvisningar og konsertar.

Ekstremsportveko er eigd av The Ekstreme Voss Foundation, som omfattar Voss Active, Voss kajakklubb, Voss hang- og paragliderklubb og Skydive Voss.

Symbol for arrangementet er dei fire elementa: vatn, luft, jord og eld.

Eit utval idrettar og øvingar:

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Ragnhild Dårflot Olsen: Ekstremt naturleg. Skald 2007.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg