Borgfinn

Artikkelstart

Borgfinn er eit nylaga mannsnamn (1900). Borg- kan vere tatt frå til dømes Borghild, og -finn frå til dømes Dagfinn.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Borgfinn Pedersen fødd 1900 i Tolga (Hedmark). Far til Borgfinn heitte Borger, og det nye namnet Borgfinn er tydelegvis laga med utgangspunkt i Borger.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Borgfinn som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg