Bergljot Kaslegard

Faktaboks

Bergljot Kaslegard
Bergljot Kaslegard Nordal
Født
15. oktober 1976, Ål i Hallingdal, Viken
Av /Tiden Norsk Forlag.

Artikkelstart

Bergljot Kaslegard er ein norsk forfattar og litteraturformidlar frå Ål i Hallingdal i Buskerud (no Viken). I fleire av bøkene sine skriv ho med djup innleving om alderdom og tilbakeblikk på livet slik det vart.

Bakgrunn

Bergljot Kaslegard er fødd i Ål i Hallingdal. Ho er utdanna ved Norsk barnebokinstitutts forfattarlinje og har ein mastergrad i litteraturformidling frå Universitetet i Oslo.

Forfattarskapen

I 2009 debuterte Kaslegard som forfattar med romanen Magda, under namnet Bergljot K. Nordal. Etter den tid har ho gitt ut fleire romanar: Ruts bok (2012), Det ingen har fortalt deg (2013), Bare la meg være i fred (ungdomsroman, 2016) og Det som nesten er sant (2017). Dessutan gav ho ut diktsingelen Slik på Flamme Forlag i 2014. I tillegg til skrivinga arbeider Kaslegard som pianolærar.

I tre av vaksenromanane har Kaslegard skrive om eldre menneske, og ho skriv seg inn i sjangeren «personleg minnelitteratur». Dei tre bøkene heng lausleg saman, fordi dei alle handlar om Magda og mannen hennar, Bodvar, og venninna Rut. I den første boka er Magda hovudperson, medan Rut er den sentrale i Ruts bok. I Det som nesten er sant følgjer vi tankane til halvt demente Bodvar, som framleis slit med minnet om faren som forsvann for familien då Bodvar var ung. I alle tre bøkene viser Kaslegard stor evne til å leve seg inn i tankeverda til eldre menneske.

Dei tre første bøkene skreiv Kaslegard på nynorsk, medan ho seinare har brukt bokmål.

Utmerkingar

Kaslegard fekk tildelt Buskerud Mållags målpris i 2010 og fekk Tanums kvinnestipend i 2014.

Bibliografi

  • Det som er nesten sant (Roman, Tiden, 2017)
  • Bare la meg være i fred (Ungdomsbok, Aschehoug, 2016)
  • Slik (Lyrikk, Flamme, 2014)
  • Det ingen har fortalt deg (Roman, Tiden, 2014)
  • Ruths bok (Roman, Tiden, 2012)
  • Magda (Roman, Tiden, 2009)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg