Aurlandsvangen

Artikkelstart

Aurlandsvangen er ein tettstad i Aurland kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,6 km², og har 811 innbyggjarar (2021).

Faktaboks

Innbyggertall
811 (SSB, 2021)
Landareal
0,6 km²
Tettstedsnummer
5571 Aurlandsvangen

Aurlandsvangen er administrasjonssenter i Aurland kommune, og ligg på austsida av Aurlandsfjorden ved utløpet av Aurlandselva.

Gjennom tettstaden går E16, stamvegen Oslo–Bergen; mot aust gjennom Lærdalstunnelen og mot vest via Flåm til Gudvangen gjennom Gudvangatunnelen. Frå Aurlandsvangen går riksveg 50 via Vassbygdi over fjellet til Hol i Hallingdal.

Aurland Skofabrikk produserer Aurlandsskoen og handlaga belte. Sogn Jord- og Hagebruksskule er ein fylkeskommunal vidaregåande skule.

Aurlandsvangen er ein kjend turiststad. Nasjonal turistveg går over Aurlandsfjellet (det høgaste punktet på vegen ligg 1306 meter over havet) til Lærdalsøyri. Vangen kirke er frå 1200-tallet og er den største middelalderkyrkja i Sogn.

Aurlandsvangen fra Stegastein
Aurlandsvangen fra Stegastein
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Kart

Aurlandsvangen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg