Asbjørn Toms

Faktaboks

Asbjørn Toms
Født
20. oktober 1915, Bodø
Død
2. april 1990, Oslo
Asbjørn Toms
Asbjørn Toms. Foto 1959.
Av /Oslo Museum.
Lisens: CC BY SA 4.0

Artikkelstart

Asbjørn Toms var skodespelar, instruktør og forfattar. I samarbeid med Alf Prøysen stod Toms bak ei suksessrik dramatisering av Prøysens roman Trost i taklampa.

Bakgrunn

Asbjørn Toms var fødd i Bodø og døydde i Oslo. Han starta karrieren som statist i teateret, og han arbeidde som frilans skodespelar mellom 1934 og 1939. Han var tilsett ved Carl Johan-teatret i 1939–1940 og ved Det Norske Teatret frå 1940 til 1986, då han gjekk av med pensjon.

Scenekarrieren

Han debuterte som skodespelar på Søilen teater, der han spela Benjamin i Strindbergs Påsk. Ved Det Norske Teatret hadde Toms ulike roller, og han spela til dømes i Shakespeares Stormen og i Ugo Bettis skodespel Dronning og rebell (1957).

Toms arbeidde etter kvart særleg som instruktør og forfattar. I 1945 sette Det Norske Teatret opp eventyrspelet Per Svein og lykkesteinane, som Toms hadde skrive. Han spela òg tittelrolla her. Sidan stod Toms bak ei rekkje oppsetjingar som dramatikar og instruktør. Særleg bar samarbeidet med Alf Prøysen mange frukter, som til dømes dramatiseringa av Trost i taklampa på Det Norske Teatret i 1952. Han samarbeidde òg med fleire andre forfattarar, mellom andre Vera Henriksen (Asbjørn Selsbane) og Kjell Aukrust (Dobbelsats og freske fraspark).

Filmkarrieren

Toms spela rolla som Lorang i Leif Sindings film De vergeløse i 1939. Han har òg hatt nokre andre mindre roller i filmar og fjernsynsseriar.

Utmerkingar

Toms fekk tildelt Kongens fortenstemedalje i gull i 1986.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Herman Bertelsen (red.): Hvem er hvem i norsk kulturliv?. Oslo 1987
  • Heljar Mjøen og Nils Brantzeg (red.): Norske skuespillerportretter. Oslo 1969
  • Leif Mæhle: Det Norske Teatret 75 år. 1963–1988. Oslo 1988

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg