Arnfred er eit nylaga mannsnamn (1883): Arn-fred. Arn- kan vere tatt frå Arnfinn, og -fred frå Alfred.

Namnet har fleire variantar: Anfred, Arnfred.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Jens Arnfred Olsen fødd 1883 i Fitjar (Hordaland), busett i Bergen i 1900.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 80 menn (fødde i Noreg) som hadde Arnfred som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg