Alfred Eriksen

Faktaboks

Alfred Eriksen
Født
30. august 1864, Christiania (no Oslo)
Død
4. mai 1934, Oslo

Foto frå omkring 1908. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Alfred Eriksen
Av /NTB Scanpix ※.

Det var sokneprest Alfred Eriksen som grunnla avisa Nordlys, som kom med fyrste utgåve 10. januar 1902. Han stod fyrst i partiet Venstre, men i desember 1902 vart han formann i det nystifta Tromsø Socialistiske Amtsarbeiderforening, som frå 1. januar 1903 vart knytt til Noregs Socialdemokratiske Arbeiderparti (DNA). Stortingssvala 1903 vart både i samtida og seinare sett som eit tidsskilje, ved at den organiserte arbeidarrørsla for fyrste gong vart representert i nasjonalforsamlinga. Alle dei fire Stortingsrepresentantane til partiet kom frå Nord-Noreg.

Troms Arbeiderparti.
Lisens: CC BY 2.0

Alfred Eriksen. Foto frå omkring 1908.

.
Lisens: fri

Artikkelstart

Alfred Eriksen var ein norsk prest og politikar. Eriksen starta avisa Nordlys i 1902 og stod som redaktør til 1911. Han var stortingsrepresentant frå 1903 til 1912 for Arbeidarpartiet, men vart ekskludert av partiet i 1912 fordi han oppmoda om å stemme på Riksmålsforbundet ved stortingsvalet.

Politisk karriere

Eriksen var dr.philos. og vart sokneprest i Karlsøy i Troms i 1891. Han var opphavleg radikal venstremann, men slutta seg seinare til Arbeidarpartiet, likevel utan nokon gong å bli eigentleg sosialist. I 1902 byrja han å gi ut avisa Nordlys, som han redigerte til 1911. Han stifta i 1902 Tromsø amts arbeiderforening og vart i 1903 valde til Stortinget.

Han gjorde seg med ein gong noterte som ein av Stortingets mest slagferdige debattantar og som ei framifrå agitatorisk kraft. Eriksen hadde vanskeleg for å underordne seg partidisiplinen, og då han i 1910 flytta frå Karlsøy for å overta Vålerengen soknekall i Oslo, stilte ikkje Arbeidarpartiet han opp som kandidat ved stortingsvalet i hovudstaden.

I 1912 vart han ekskludert av partiet, då han som formann i Riksmålsforbundet hadde vore med på å skrive under eit opprop om berre å stemme på stortingskandidatar som hadde bunde seg til riksmålsprogrammet. Han prøvde utan hell å oppnå val til Stortinget i Gamlebyen og starta også ei avis, Dagens liv, som vart lagt ned etter kort tid.

Seinare stod han utanfor aktiv politikk, men skreiv talrike artiklar i pressa om ulike kulturspørsmål. Han sokna i sine siste år politisk til Høgre. Av bøkene hans kan nemnast Religionsbilleder og kulturskildringer (1901), Lovbog for folket (1903) og Slettensaken (1906).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg