Artikkelstart
Øystein Rosse er ein norsk omsetjar av barnelitteratur. Han har omsett meir enn 500 bøker til norsk sidan 1976.
Øystein Rosse er ein norsk omsetjar av barnelitteratur. Han har omsett meir enn 500 bøker til norsk sidan 1976.
Øystein Rosse er fødd i Oslo. Etter vidaregåande skule i Skien (1973–1975) gjekk han eit år på folkehøgskule, før han byrja å omsetje som 20-åring. Rosse har sidan arbeidd frilans som omsetjar, konsulent og formidlar i bibliotek og skular.
Rosse omsett bøker til bokmål og nynorsk frå engelsk, tysk, svensk og dansk. Sjangrane er biletbøker, barnebøker, ungdomsbøker, faktabøker, lærebøker og krim, samt romanar og dokumentarar for vaksne.
Rosse har mellom anna omsett ungdomsseriane Cherub-agentane av Robert Muchamore frå engelsk, Skammarserien og Katrionaserien av Lene Kaaberbøl frå dansk og fantasyserien Sagaen om Darren Shan av Darren Shan. I tillegg har han omsett ungdomsbøkene til Michael Morpurgo frå engelsk, barnebøkene til Ulf Nilsson frå svensk og Janosch frå tysk.
Han har òg omsett bøker for vaksne, mellom anna romanane Laura Palmers hemmelige dagbok (1991) av Jennifer Lynch og Bittert favntak (1991) av Carrie Fischer frå engelsk og dokumentaren Sex under Hitler (2009) av Anna Maria Sigmund frå tysk.
Rosse har fått Kulturdepartementets omsetjarpris for barnelitteratur i 1984, 1987, 1990 og 2003 for omsetjingar av svenske Max Lundgren, engelske Michael Page, kanadiske Welwyn Wilton Katz og danske Lene Kaaberbøl til nynorsk. Han fekk Bastianprisen i 2002.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.