Eikelandsosen er ein tettstad i Bjørnafjorden kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,8 km², og har 531 innbyggjarar (2023).
Tettstaden ligg ved munninga av Eikelandselva (Koldalselva) i botnen av Eikelandsfjorden, ein arm av Fusafjorden, søraust for Bergen.
Eikelandsosen har noko industri, mellom anna maskin-, trevare- og næringsmiddelindustri, likeins betongvarefabrikk. Staden har òg fiskeoppdrettsanlegg.
Eikelandsosen har vegsamband med Bergen (over Trengereid fylkesveg 48/fylkesveg 49/E 16), med Hardanger og Sunnhordland på fylkesveg 48 og fylkesveg 49, og dessutan over Fusafjorden (ferja Venjaneset–Hattvik) til Osøyro (fylkesveg 552).
Det er store jettegryter kring Koldalsfossen i Eikelandselva.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.