Faktaboks

Arne Ruste
Fødd
14. februar 1942, Sel

Foto: Pål Audestad

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Arne Ruste er ein norsk forfattar og oversettar.

Bakgrunn

Arne Ruste vokste opp i Vardal ved Gjøvik. Han er cand.mag. frå Universitetet i Oslo med fagene religion, norsk og historie. Ruste var medredaktør i Poesi Magasin i åra 1983–1985, og leiar i Norsk Forfattersentrum i 1994–1999. På 1980-talet var Ruste med i den poetiske aksjonsgruppa Stuntpoetane saman med Torgeir Rebolledo Pedersen, Triztan Vindtorn, Karin Moe, Thorvald Steen, Erling Kittelsen, Jón Sveinbjørn Jónsson og Thor Sørheim. Frå 1985-1994 var han forlagsredaktør i Tiden Norsk Forlag.

Skjønnlitteratur

Debuten Askeladd (1973) er ei diktsamling prega dei nyenkle og konkrete straumdrag i 1970-åra. Ein meir skjerpa politisk tendens finn vi i Aleine går det ikke stort bedre (1974), Bestefar etc. (1975), Midt i verden (1976) og Dronningen kommer! (1978), men dikta vitnar samtidig om skarp observasjonsevne og ei livsglad haldning. I Grenseepisoder (1981) samlast trådane frå tidlegare samlingar.

Seinare har Ruste gitt ut Vendepunkt (1982), Indre krets (1999), Søsken for en tid (2001). For Søsken for en tid blei han nominert til Brageprisen. I 1983 kom Steinvekt – dikt 1972–83.

Mest mellom himmel og jord (2002) er ei samling essay og intervju som tar opp tankar kring poesi og poetikk. I 2009 kom Ruste sin første roman Piken i bakspeilet. Det er ein tilbakeskodande roman om kjærleik.

Gjendiktningar

Ruste står også bak ei rekkje gjendiktingar av lyrikk, prosa og barnebøker. Han er særleg kjend for gjendikting av Ted Hughes sine diktsamlingar Kråke (1994) og Fødselsdagsbrev (1998), samt barneboka Jernmannen (2012). Ruste har òg gjendikta tekstar av Roald Dahl og Abbas Kiarostami, og står bak dei norske oversettelsene av barnebokklassikarene Alice i eventyrland (2003) av Lewis Carroll og Gruffalo (2002) av Julia Donaldson.

Bibliografi

  • Kretsløp. Dikt 1973–2012 (Lyrikk, Tiden, 2012)
  • Mest mellom himmel og jord (Essays, Tiden, 2002)
  • Søsken for en tid (Lyrikk, Tiden, 2001)
  • Indre krets (Lyrikk, Tiden, 1999)
  • Syv synteser og to sorgdikt (Agora nr. 4 1992)
  • Steinvekt. Lanternebok (Lyrikk, Gyldendal, 1983)
  • Tappet i 1942, medforfatter (Lyrikk, 1982)
  • Grenseepisoder (Lyrikk, 1981)
  • Dronningen kommer! (Lyrikk, Gyldendal, 1978)
  • Midt i verden (Lyrikk, 1976)
  • Bestefar etc. (Lyrikk, 1975)
  • Alene går det ikke stort bedre (Lyrikk, 1974)
  • Askeladd (Lyrikk, 1973)

Gjendiktningar

  • Julia Donaldson, Plass bakpå kosten (Omnipax, 2003)
  • Wilfred Owen, Tjuefem krigsdikt: 1917-1918 (Tiden Norsk Forlag, 2014)
  • Ted Hughes, Jernmannen (Omnipax, 2012)
  • Lewis Carroll, Alice i eventyrland (Ominpax, 2003)
  • Farid ud din Attar, Fuglenes forsamling (Verdens hellige skrifter, 2002)
  • Julia Donaldson, Gruffalo (Omnipax, 2002)
  • Ivan Divis, Makter (Aschehoug, 2000)
  • Ted Hughes, Fødselsdagsbrev (Tiden Norsk Forlag, 1998)
  • Roald Dahl, Rim & Røre (Gyldendal, 1997)
  • D. Schiller, Med zen i lomma (Hilt&Hansteen, 1996)
  • Kattenes ABC, fritt etter Johannes Møllehave (Gyldendal, 1995)
  • Ted Hughes, Kråke (Tiden Norsk Forlag, 1994)
  • Roald Dahl, Fæle dyr (Gyldendal, 1986)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg