Stuntpoetene var ei aksjonistisk gruppe forfattarar på 1980-tallet som arbeidde for å skaffa meir merksemd kring poesien i det offentlege rommet.

Fredag 15. mars 1983 braut Stuntpoetene av kulturminister Lars Roar Langslets pressekonferanse om forskingas framtid for å presentera han for organisasjonens krav om at «Kulturministeren må lese et nytt norsk dikt høyt fra Stortingets talerstol».

Stuntpoetene delte ut prisen «Antasten» til publikasjonar som i følge gruppa hadde dekka bokhaustens lyrikkutgjevingar på utilfredsstillande vis. Første mottakar var Aftenposten, som fekk prisen 4. februar 1984.

I eit tv-program sendt i NRK 14. februar 1985 arrangerte dei eit fingert ran der dei stal 5000 bøker med lyrikk frå biblioteket på Notodden.

Medlemmane var Karin Moe, Triztan Vindtorn, Arne Ruste, Thorvald Steen, Torgeir Rebolledo Pedersen, Jón Sveinbjørn Jónsson, Erling Kittelsen og Thor Sørheim.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Sørheim, Thor: Stuntpoetenes historie (Flamme forlag, 2016)

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg