Faktaboks

Øystese
Etymologi
Namnet kjem av norrønt Eystusyn som har uviss tolking. Førsteleddet tyder sannsynlegvis ‘heilag stad for gudsdyrking’, sisteleddet er vin, ‘naturleg eng’.
Innbyggjartal
Rundt 2100 (2019)

Øystese er ei tettgrend i Kvam kommune i Hardanger i Vestland fylke, der Øysteseelva munnar ut i Hardangerfjorden. Tettgrenda i Øystese, som i samsvar med dagens tettstadsdefinisjon allereie ved folketeljinga i 1946 stod fram som ein tettstad, har sidan vakse saman med Norheimsund, og er saman med dette frå og med 2019 klassifisert som éin tettstad med namnet Norheimsund.

Fylkesveg 79 (GranvinNorheimsund) går langs fjorden gjennom tettgrenda i den tidlegare tettstaden. I kommunesenteret Norheimsund, ved munningen av Steindalselva, møtest fylkesvegane 79 og 49 (OddaJondalNorheimsundTysseTrengereid).

Øystese har variert småindustri, særleg trevare- og møbelindustri, og staden har stor turisttrafikk og fleire hotell og overnattingsstader. Her ligg Kvam vidaregåande skule avdeling Øystese, Kvam bygdemuseum og Ingebrigt Vik museum, eit skulpturmuseum basert på arbeida til bilethoggaren Ingebrigt Vik, som var frå Øystese.

Øystese kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1868.

Kart

Øystese
Øystese
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Torgeir Næss

Hei. De skriv at Øystese er "et tidligere tettsted" som etter 2019 er klassifisert som Norheimsund.
Dette er det ingen her i kommunen som kjenner seg att i. Øystese er for alle praktiske føremål å rekna som ei eiga eining og ei eiga bygd.
Før eg føreslår at dette vert endra - kva kjelder er det de byggjer på når de skriv dette?

svarte Geir Thorsnæs

Dette er i samsvar med den løpende registreringen av tettsteder som Statistisk Sentralbyrå gjør årlig. Denne bygger på rent bebyggelsesmessige kriterier.
Ettersom bebyggelsen i Øystese og Norheimsund er mer eller mindre vokst sammen, er tettstedet fra og med 2019 klassifisert som ett tettsted under navnet Norheimsund. Dette har ingen formelle konsekvenser utover at tettstedsdefinisjonen danner det statistiske grunnlag for skillet mellom befolkningen bosatt i tettsteder/byer og i spredt bosatte områder.
Etterat lovgivningen i Norge ikke lenger skiller mellom by- og landkommuner - alle er kommuner - er dette det eneste kriteriet for skillet mellom tett og spredt bosatt befolkning i norsk befolkningsstatistikk. Slik har det vært siden 1992 (kommuneloven) og 1995 (all særlovgivning).

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg