Ytringsklima handlar på ein arbeidsplass om korleis arbeidstakarane oppfattar moglegheitene til og konsekvensane av å ytre seg, med andre ord korleis ein gjev einannan ros og støtte, kritikk og motstand.

Godt ytringsklima

Kjenneteikn

Alle fellesskap har eit ytringsklima. Eit godt ytringsklima kjenneteiknast ved ein kultur med takhøgde for meiningsutveksling og der kritikk og andre ytringar ønskast velkomne, som grunnlag for forbetring og utvikling i verksemda. For at ytringsklimaet skal være godt, må det både være trygt å seie meininga si – også kalla psykologisk tryggleik – og ytringane må ha effekt.

Lovregulering

Frå 2020 har norske arbeidsgjevarar vore pålagde å leggje til rette for eit godt ytringsklima. Bakgrunnen for lovendringa var endringar i lovbestemmelsane om varsling i arbeidsmiljølova.

I forkant av lovendringa vart det diskutert om ein skulle påleggje arbeidsgjevarar å leggje til rette for eit trygt eller godt ytringsklima. I diskusjonen til Arbeids- og sosialdepartementet vart det peika på at ei verksemds ytringsklima vil slå inn i ei rekkje andre sider ved arbeidsmiljølova, enn kun varslingsreguleringa. For eksempel vil det ha stor betydning for samarbeid og medverking i organisasjonen og dermed organisasjonens evne til å oppretthalde eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø. Eit godt arbeidsmiljø vil og virke positivt på helse, sjukefråvær og motivasjon blant tilsette, og også på produktivitet og resultatet i organisasjonen, og kostnadar for samfunnet. På bakgrunn av dette konkluderte departementet med at arbeidsgjeverar ikkje berre skal leggje til rette for eit trygt ytringsklima, men også eit godt ytringsklima.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Kvalnes, Ø. (2019). Ytringsklima. Cappelen Damm.
  • Sunagic, M. (2020). Hvordan kan ledere bidra til å skape et positivt ytringsklima? Magma, 4(4), 62–72.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg