Ein vidisse er ei stadfest avskrift av eit dokument.

Faktaboks

Uttale
vidˈisse
Etymologi
latin ‘å ha sett’
Også kjend som

vidimere (verb)

I løpet av 1100-talet utvikla det seg i europeisk diplomatikk ein fastare praksis for påliteleg kopiering av eldre eller samtidige dokument. Dokument som låg føre til kopiering, vart gjengjevne med full ordlyd i et nytt, stadfest dokument – ein vidisse – og på ein slik måte at ordlyden i det eldre dokumentet skilte seg klårt frå ordlyden i det nye dokumentet. Mange viktige eldre dokument er berre kjente i denne forma.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg