Vice versa er latin og tyder omvend eller motsett, altså omvend eller motsett av det som tidlegare har blitt sagt.

Faktaboks

Uttale
vˈise vˈersa
Etymologi
fra latin vice versā, ‹med stillinga ombyttet›

Sjølv om uttrykket er rekna som eit samansett adverb i norsk, er det i latin sett saman av eit substantiv og eit partisipp. Fyrste ledd, vice, er substantivet og er i ablativ singularis. Det finst ikkje nominativform av ordet (genitiven er vicis). Ordet har grunntydinga 'skifting, ymsing, skifte, omskifte, byte, brigde'. Andre ledd, versā, er òg i ablativ singularis – ein kan forstå det som ein instrumentell ablativ (måten ein gjer noko på) – og det er i femininum av di det er samsvarsbøygd til substantivet føre seg. Det er perfektum passiv partisipp av verbet vertō 'eg snur, vender'. Samansett blir uttrykket dermed omtrent 'med den vende skiftinga', altså motsett tyding eller forståing av det som opphavleg stod.

Den moderne tydinga av uttrykket er frå mellomalderen.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg