Vakuum-polarisasjon er eit fenomen i kvantefysikken der det i visse samanhengar spontant oppstår eit par av eit elektron og eit positron.

I kvantefeltteori kan elementærpartiklar spontant oppstå og forsvinne i løpet av svært stutt tid. Dette blir kalla for kvantefluktuasjonar. I slike kvantefluktuasjonar kan det oppstå eit elektron–positron-par. Elektronet har negativ elektrisk ladning og positronet positiv elektrisk ladning, og ein kan då seia at vakuum er (elektrisk) polarisert.

Denne effekten kan tolkast som ein modifisering av Coulomb-potensialet. Effekten kan alternativt tolkast som ein modifikasjon av finstrukturkonstanten, slik at denne konstanten blir energiavhengig. Dersom ein tek med alle kvantefluktuasjonane innanfor standardmodellen, blir den elektromagnetiske finstrukturkonstanten ca. 1/129 ved energien til Z-bosonet (mZ c2) . Den kjende verdien på 1/137 er då verdien som gjeld ved svært låge energiar.

Vakuum-polarisasjon er ikkje begrensa til elektron–positron-par. Alle elementærpartiklar med elektrisk ladning vil bidra til vakuum-polarisasjon. Meir generelt vil det i alle kvantefeltteoriar kunne oppstå partikkel–antipatikkel-par som i ein viss forstand polariserer vakuum. Til dømes i kvantekromodynamikk vil det kunne oppstå kvark–antikvark-par med motsette fargeladninger.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.