Daddy G. (Massive Attack)

Massive Attack på Hove-festivalen i 2010.

Triphop er ein musikksjanger innan elektronisk dansemusikk (EDM) og har sitt opphav frå tidleg på 1990-talet i England, og særleg Bristol.

Faktaboks

Uttale

tri´phåp

Etymologi

fra engelsk trip hop, av trip og hip hop

Stil

Stilistisk er det ei blanding av hip hop og elektronika med eit saktare tempo enn andre klubbsjangrar og eit meir atmosfærisk og eksperimentelt preg. Trip hop hentar ofte element frå jazz, soul, funk, reggae, dub, rap og andre elektronisk musikk-sjangrar. Trommegrooven i sjangeren er ofte orientert mot breakbeat og tunge basstrommer.

Nokre av dei mest kjente aktørane innan trip hop er Massive Attack, Portishead, Tricky og DJ Shadown.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg