stortranebær

Stortranebær er ein krypande dvergbusk i bærlyngslekta i lyngfamilien. Planta veks på myrer, og utviklar raude, saftfulle bær.

Faktaboks

også kjent som:

Vaccinium oxycoccus

Skildring

Stortranebær er ein planteart med krypande stengel. Blada er blanke og vintergrøne. Dei raude blomane er firtalege. Fruktene som vert danna er raude bær. Stortranebær skil seg frå den litt mindre småtranebær ved å ha finlodne årsskott og blomeskaft, blad som er breiast ved midten og begerflikar som er kanthåra.

Utbreiing

Stortranebær finnes over store deler av den nordlege halvkule, og veks i Noreg på myrer over heile landet.

Bruk

Dei saftfulle, raude bæra til stortranebær er gode til safting og sylting.

Systematikk

Taksonomisk nivå Norsk namn Vitenskapelig namn
Domene Eukaryoter Eukarya
Rike Planteriket Plantae
Klade Dekkfrøa planter Angiospermae
Klade Ekte tofrøblada planter Eudicotidae
Klade Asteridene Asteridae
Orden Lyngordenen Ericales
Familie Lyngfamilien Ericaceae
Slekt Bærlyngslekta Vaccinium
Art Stortranebær Vaccinium oxycoccus

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg