Skrotemark er stader der naturleg vegetasjon er fjerna eller sterkt forstyrra etter ulike inngrep som utbygging, utfylling og avfallsdeponering. Slike plassar kan vere voksestader der konkurransesvake og framande planter kan etablere seg. Skrotemark svarar om lag til ruderatmark.

Vanlegvis vert ikkje vegkantar inkludert i skrotemark, sidan vegkantar som voksestad skil seg frå skrotemark på viktige punkt. Vegkantar har ofte meir etablert vegetasjon og vert utsett for andre påvirkningar.

Termen vart teken i bruk i den 6. utgåva av Norsk flora i 1994 og har vorte vanleg i bruk når utbreiinga til planter vert omtalt.

Skrotemark kan svare til nokre av naturtypane i kartleggingingssystemet Natur i Norge, som vert namnsett som "sterkt endra eller ny fastmark".

Litteratur

  • Elven, Reidar; Bjorå, Charlotte Sletten; Fremstad, Eli; Hegre, Hanne; Solstad, Heidi (2022): Norsk flora, 8. utgåva. Oslo: Samlaget.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg