Ein nøkkelart er ein art som har stor påverknad på andre artar i eit økosystem og dermed på strukturen og stabiliteten til økosystemet. Når ein nøkkelart vert utrydda fører det til store endringar i økosystemet.

Det kan vera fleire grunnar til at ein art har ei nøkkelrolle i naturen. Ofte handlar det om artar som har ein særleg viktig posisjon i næringsnettet, altså i rolla som predator, byttedyr eller konkurrent, ved til dømes å vera den einaste predatoren, eller å vera eit byttedyr som mange rovdyr er avhengige av. Andre nøkkelartar kan ha ei viktig rolle i å tilretteleggja for andre artar, til dømes gjennom pollinering, frøspreiing og ved å endra det fysiske miljøet.

Når det berre er ein eller nokre frå toppredatorar i eit system, vil toppredatoren ofte spela ei viktig rolle ved å halda nede byttedyra sine, gjerne planteetarar. Når toppredatoren forsvinn får ein ofte ein eksplosjon i talet planteetarar og dermed overbeiting. Eit døme på dette er havoteren som spelar ei viktig rolle i å halda nede kråkebollepopulasjonen utanfor vestkysten av USA. Då havoterpopulasjonen vart kraftig redusert på grunn av fangst, førte det til ein eksplosjon i kråkebollepopulasjonen med påfølgjande nedbeiting av tareskogen. Utrydding av tareskogen fekk vidare store konsekvensar for mindre artar som var avhengige av tareskogen som levestad, gøymestad og næringsgrunnlag. Liknande effektar er sett ved utrydding av toppredatorar i fleire ulike system og vert gjerne kalla ein trofisk kaskade, fordi endringane forplantar seg gjennom fleire trofiske nivå.

Artar kan og reknast som nøkkelartar viss dei utgjer næringsgrunnlaget for mange andre artar. Døme på dette er gran og blåbær i norske skogar, og lodde i Barentshavet. Desse artane er ofte dominante i økosystemet, ved at dei finst i store mengder. Ein del økologar skil mellom nøkkelartar og dominante artar, og nyttar omgrepet nøkkelart kun om dei artane som har stor effekt i økosystemet i høve til forekomsten deira, men ofte vert omgrepet nøkkelart nytta om alle artar med særleg stor innverknad på resten av økosystemet.

Nøkkelartar kan og vera artar som spelar ei viktig rolle for andre artar gjennom funksjonar som ikkje er direkte knyta til næringsnettet. Dette kan vera artar som er avgjerande for til dømes pollinering eller frøspreiing hjå plantar, og artar som endrar det fysiske miljøet på måtar som andre artar har nytte av. Døme på dette kan vera hakkespettar, særleg svartspett, som hakkar ut reirhol som seinare vert nytta av både andre fugleartar (til dømes skogdue og ugler) og pattedyr som mår og flaggermus. Beveren vert ofte rekna som ein nøkkelart fordi demningane deira skaper viktige habitat for mange våtmarksartar.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.