Lov om rett til å selja uhenta ting er ei norsk lov som gir handverkarar og liknande rett til i nokre tilfelle å selja andres ting som ikkje blir henta. Når handverkarar utfører arbeid på andres eigedelar, til dømes reparasjon eller oppussing, risikerer dei at kunden verken hentar eigedelen eller betalar for arbeidet. Lova gir handverkarar høve til på visse vilkår å selja dei uhenta eigedelane.

Faktaboks

Fullt namn
Lov om rett for handverkarar o.a. til å selja ting som ikkje vert henta
Kortnamn
Lov om rett til å selja uhenta ting
Også kjend som

salsrettslova

Tredd i kraft
01.07.1953
Lovdata-ID
NL/lov/1953-05-29-1

Bakgrunnen for lova var eit ønske om å sørgje for at handverkarar og andre fekk dekt kostnadane ved arbeidet deira, samt andre kostnadar knytt til at ting ikkje blei henta.

Innhaldet i lova

Lovens hovudregel i § 2 er at ein handverkar som har eit forfalle krav på vederlag for reparasjon av ein lausøyreting, etter å ha gitt oppmoding til kunden om å henta tingen og betala for reparasjonen eller anna arbeid med tingen, kan selja tingen tre månader etter at arbeidet var gjord. Av salssummen kan hen ta sitt reparasjonsvederlag, men overskytande skal betalast til eigaren etter reglane i § 7 i lova. Har tingen openbert ingen salsverdi, treng han ikkje lenger å ta vare på han.

Etter § 3 kan ikkje oppmoding om å løysa ut tingen gjevast før arbeidet er gjort og vederlaget dagfalle; det skal samstundes seiast frå at tingen elles vert seld eller kasta. Slik oppmoding og fråsegn vert etter lova rekna for gjeve når ho er send i rekommandert brev med den tilskrifta som tingaren gav opp, eller med ei anna tilskrift når sendaren veit at den er den rette. Er tilskrifta ukjend, skal oppmoding og fråsegn kunngjerast med oppslag på den staden i verksemda der slike ting til vanleg vert mottekne og gjevne ut att.

Er det tvist om tingen eller vederlaget, kan tingen ikkje seljast så lenge denne tvisten verserer for domstolane eller hos namsmyndigheitene.

Salet skal skje på forsvarleg vis, og er eigarskifte avhengig av registrering i offentleg register, skal namsmyndigheitene etter reglane i § 5 i lova forvalte salet.

Historikk

Lova er eit resultat av eit initiativ frå Noregs Handverkarforbund i 1951, der problemet med uavhentede ting levert inn for reparasjon hos handverkarar vart tekne opp. I Sverige hadde ein året før vedteke «lag om rätt för hantverkare att sälja gods som ej avhämtats», og denne lova tente som førebilete for den norske salsrettslova frå 1953. Før 1953-lova hadde handverkarar to moglegheiter: anten å ta utlegg i den uavhenta tingen for reparasjon og andre kostnader, eller å gå fram etter reglane i hittegodslova.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg