Larmekokaburra
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC SA 2.0

Larmekokaburra er ein stor råkefugl i isfuglfamilien og har naturleg utbreiing i Oseania og Søraust-Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Dacelo leachii
Beskriven av
Vigors & Horsfield, 1827

Vaksne hannar veg rundt 280 gram og hofuglane rundt 330 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna jordbruksland, urbane område, tørr og fuktig tropisk skog, mangroveskog og tørr savanne. Larmekokaburra lever i stor grad av virvellause dyr (invertebratar), vekselvarme virveldyr og fisk.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt tre egg. Reira blir bygd i hôlrom.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

larmekokaburra
Dacelo leachii
Artsdatabanken-ID
177798

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg