Kuldepolar er eit uttrykk som vert nytta om dei kaldaste stadene på jorda sine halvkuler, anten for året, vinteren eller for kaldaste månad.
Fordelinga av land, hav, fjell og innlandsis gjer at dei kaldaste områda ikkje er å finne ved dei geografiske polane, men derimot i Sibir på den nordlege halvkule og i austlege delar av innlandet av Antarktis på den sørlege halvkule. Desse områda er snødekt, ekstremt kalde og tørre. Dei store høgdeforskjellane har stor påverknad på temperaturen og gjer at det kan vere vanskeleg å fastslå eintydige kuldepolar.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.