Koksvåk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY SA 2.0

Koksvåk er ein middels stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing på Cuba.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Buteogallus gundlachii
Beskriven av
(Cabanis, 1855)

Som vaksen er fuglen ca. 50 cm lang, hannfuglar veg rundt 790 gram og hofuglane rundt 1,2 kilo.

Arten er knytt til mangroveskog, fuktig savanne, elvar og bekker, og marin fjæresone (litoralsone). Koksvåk lever i stor grad av fisk, men òg av virvellause dyr (invertebratar) og vekselvarme virveldyr.

Hekking skjer éin gong i året, og i løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 38 dagar. Ungane forlèt reiret om lag sju veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av to til tre år.

Koksvåk lever vanlegvis i rundt 14 år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

koksvåk
Buteogallus gundlachii
Artsdatabanken-ID
175379

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg