Irritant er eit kjemisk stoff som kan utløyse ein uønskt lokal reaksjon i hud eller slimhinner, kalla irritasjon, med ubehag eller betennelse og lett skade. Ein irritant verkar direkte på vevet, utan mellomliggande biologiske reaksjonar. Også mekanisk påverknad kan verke som ein irritant. Vanlegvis kjem reaksjonen på irritanten frå hud, auge eller slimhinner.

Skaden frå ein irritant ved kontakt i kort tid går tilbake og er slik reversibel, men ved langvarig eller ofte gjentatt kontakt med irritanten over tid kan det oppstå varig skade. Er den akutte skaden så sterk at den ikkje er reversibel, seier vi at stoffet er etsande. For kjemiske stoff er det nasjonale og internasjonale forskrifter med reglar for klassifisering og merking av mellom anna irritantar og etsande stoff.

Reaksjonens styrke blir bestemt av dosen irritant, og forskjellen i reaksjon mellom ulike personar er etter måten liten – irritanten verkar omtrent likt på alle. Eit allergiframkallande stoff verkar i motsetnad til ein irritant indirekte ved å reagere med immunsystemet og skape ein spesifikk allergireaksjon. Allergireaksjonen sin styrke er lite doseavhengig, og har enorm individuell variasjon.

Eit stoff kan likevel vere allergiframkallande i tillegg til å vere irritant, og irritasjon kan forsterke både utviklinga av ny allergi og den akutte allergiske reaksjonen. Symptoma ved irritasjon og ved allergi kan også i nokre tilfelle vere like.

Symptom

Symptoma ein irritant gir, er avhengige av irritantens styrke (også kalla potens), dosen og varigheita av kontakten, og kvar på kroppen kontakten skjer. Symptoma som ein irritant kan gi er kløe, smerte, svie og brenning, hoste, nysing og sekretproduksjon, for eksempel tårar, snørr og slim. Den irriterte huda eller slimhinna vert raud og sår, med teikn på lett betennelse, og det kan sive ut væske. Irritasjon kan også i nokre tilfelle fremme infeksjon.

Skaden som ein irritant gjer ved kort tids kontakt er lett og reversibel, men langvarig eller ofte gjentatt kontakt med ein irritant over tid kan gi sterkare betennelse og eksem, og føre til varig skade som fibrose og arr, eller føre til astma eller kreftutvikling.

Reaksjonar på irritantar

Celle- eller vevsskade

Ein irritant kan gi lett celle- eller vevsskade og ein betennelsesreaksjon med respons frå det naturlege (medfødde) immunforsvaret, inkludert epitelcellene og bindevevet i hud og slimhinner.

Signalmolekyl

Ein irritant kan sette i gang ein reaksjon med signalmolekyl i cellemembranen. Slik stimulering kan gi ein reaksjon frå cellene utan skade, med produksjon av signalmolekyl som kan gi betennelse, kløe eller produksjon av sekret frå kjertlar. Dette kan komme raskt.

Nervestimulering

Også nervefibrar kan bli stimulert av ein irritant. Ved stimulering av ein nervefiber i eit vev (lunge, hud, slimhinne) kan irritanten gi kløe, hoste eller nysing, utan å gi vevsskade. Irritantar som verkar gjennom nervesystemet, kan ha effekt svært raskt, og på den måten varsle om at vi må unngå dette stoffet for å unngå skade.

Irritasjon i luftvegane vil ofte vere ei blanding av betennelsesreaksjon og nervestimulering. Nervestimuleringa er viktigast for ein øyeblikkeleg eller tidleg respons mot irritanten, betennelsesreaksjonen vil bli stadig viktigare jo lengre tid ein er utsett for irritanten. Pustar vi for eksempel inn irritanten ammoniakk, vil vi straks hoste og søke rein luft, men over litt lengre tid vil ammoniakken føre til ein betennelsesreaksjon i lungene.

Svekking av huda

Irritanten kan gjere huda sårbar for andre kjemiske stoff ved å fjerne naturlege feittstoff, slik at huda både blir meir lekk for stoff utanfrå, og mister naturleg elastisitet slik at den reint mekanisk lettare får sprekker og skade.

Lett mekanisk påverknad over tid kan òg verke som ein irritant ved å fjerne feittstoff og skade cellene og vevet sin struktur.

Irritantar og etsande kjemiske stoff

Symbolet for irritant
Symbolet for irritant
Av .
Symbolet for etsande
Symbolet for etsande
Av .

For kjemiske stoff er det ein gradient, der irritantar vil vere i den svakaste delen og etsande stoff i den sterkaste delen av skalaen. Det er ikkje klårt definert kvar grensa går mellom irritant og etsande stoff, anna enn at skade frå irritant i prinsippet er reversibel, medan ein etsskade ikkje er reversibel.

Irritantar gir svak påverknad med ofte lette eller ingen akutte symptom, irritasjonsreaksjonen treng ofte langvarig eller ofte gjenteken kontakt med irritanten for å utvikle seg.

Skaden frå ein irritant er i prinsippet reversibel, anna enn for svært langvarig kontakt. Eit etsande stoff gir derimot akutt, irreversibel skade på celler og vev med celledød og sår. Eit stoff kan i høg konsentrasjon vere etasande, medan det i stor fortynning kan vere irritant.

Styrken til ein irritant

Styrken av påverknaden frå ein irritant er summen av irritantens ibuande evne som gjerne blir kalla potens, irritantens konsentrasjon og lengden av tida for kontakt. Kontakttida kan vere kontinuerleg eller ofte gjentatte kortare periodar. Temperatur og surheitsgrad kan verke inn, og også om det er andre stoff til stades.

Forskjell mellom stader på kroppen, og mellom ulike individ

Hud og slimhinner ulike stader på kroppen har ulik sårbarheit for irritasjon. Ein irritant må trenge inn i huda for å gi irritasjon, og for visse stoff er det funne at pannehuda absorberer om lag 40 gonger meir enn huda under fotsålen, og huda på pungen 300 gonger meir. Slike forskjellar vil påverke utviklinga av ein reaksjon mot ein irritant. Slimhinner, tynn hud og stader der hud ligg mot hud er mest sårbare. Augeslimhinna er svært følsam for irritantar. Augnelokka er òg veldig følsame, og huda på ryggen er meir følsom enn huda på underarmen.

Det er klare forskjellar mellom ulike individ når det gjeld reaksjon på irritantar, og særleg på langvarig kontakt med irritantar, jamvel om forskjellane er svært mykje mindre enn for allergiske reaksjonar. Nokre genetiske faktorar som spelar inn er kartlagte. Kor mykje alder og kjønn har å seie, er enno uvisst. Individ med sterkt anlegg for allergi, det vil kallar atopikarar, har ein meir lekk hudbarriere enn andre og er særleg utsette for å reagere på irritantar.

Vatn, som vi til vanleg ikkje oppfattar som ein irritant, er eit eksempel på ein svak irritant. Arbeider ein ofte nok og lenge nok i vatn med hendene, kan ein på grunn av dette få eit kraftig irritativt handeksem. Dette illustrerer at noko som vanlegvis ikkje fungerer som ein irritant kan bli det, dersom kontakten er sterk nok og langvarig nok. På den andre sida vil stoff som av natur er sterke irritantar eller etsande, gi irritasjon sjølv om konsentrasjonen er låg og kontakttida kort.

Eksempel på irritantar

Viktige irritantar i lufta er ozon, ulike nitrogenoksid, svoveldioksid og partiklar frå tobakksrøyk, dieseleksos og vegstøv. Pollen er også irritantar, i tillegg til å vere allergen. Irritantar i lufta vil mest virke på augene, nasen og lungene, men over tid også på huda.

I yrkeslivet kan ein bli utsett for mange irritantar, både i flytande form, som pulver og støv og som gass. Særleg er då hendene, underarmane og lungene utsette.

Gass frå sveising, dieseleksos, klor, isocyanat, styren, ammoniakk og fluor er eksempel på luftvegsirritantar.

Kontakteksem står for om lag 9 av 10 tilfelle med hudreaksjonar i yrkeslivet, og av desse tilfella er igjen 8 av 10 tilfelle utløyste av irritantar, berre 2 av 10 har allergi som årsak. Skjæreolje og mange løysingsmiddel, såper og detergentar er eksempel på hudirritantar frå yrkeslivet, nokre av dei møter vi også i hushaldskjemikal slik som vaskemiddel. Også sement og metall som nikkel og krom kan vere irritantar, i tillegg til å gi allergi.

Salver og andre medisinar til bruk på hud eller i augene kan innehalde stoff som er irritantar, og det same gjeld kosmetiske produkt og produkt til bruk i underlivet.

Ein framand gjenstand i kroppen kan også verke som ein irritant, til dømes ei peanøtt i lungene. Dette gjeld også gjenstandar som er operert inn i kroppen, dersom dei ikkje er heilt vevsforlikelege eller om dei mekanisk påverkar vevet.

Testing for å identifisere irritantar

Eit regelverk er fastsett i EU/EØS-systemet for klassifisering og merking av kjemiske produkt, og er gyldig i Noreg frå 2015 då det erstatta tidlegare norsk regelverk. OECD har utarbeidd nokre godkjente testprotokollar (OECD guidelines) for auge- og hudirritantar. Lover og regelverk for testing av kjemiske produkt er ofte ulike i ulike land eller område, som til dømes EU/EØS eller USA.

Klassifisering og merking av kjemikal krev dokumentasjon av stoffa sine eigenskapar med omsyn til mellom anna toksisitet, irritasjon og allergi, og dette vert gjort ved å teste stoffa. Testing på forsøksdyr har vore vanleg, men ein prøvar mest mogleg å komme vekk frå dyretesting og finne metodar der ein nyttar vevs- og cellekulturar.

Lenge vart testing av irritantar mest gjort på albinokaninar, der ein smurte stoffet på barbert hud og observerte om huda vart raud, hovna opp eller fekk blemmer og sår som teikn på betennelse. Testen varte nokre dagar. Mus, rotter, marsvin og hundar har òg vore nytta. For augeirritantar vart tilsvarande testing gjort ved å dryppe stoffet i augene til kaninar, og ein observerte så i inntil 14 døgn om auget vart raudt, hovna opp, eller det kom tåreflaum, sår, blødning, mattheit og blindheit. Kanintestane som vart introdusert i 1940-åra for bruk i kosmetikkindustrien, vart kalla Draize-test, men etter kvart er nemninga Draize-test blitt brukt mest om augetesten.

Dyretestane og spesielt augetesten av irritantar er kontroversielle med omsyn til dyrevelferden. Det er derfor dei seinare åra introdusert ei rad laboratorietestar basert på dyrking av hud, hudceller, corneaceller frå auget og chorioallantoishinne frå egg for testing av moglege hud- og augeirritantar.

Eit særleg problem er testing av om langvarig eller stadig gjentatt kontakt med svake irritantar kan gi irritasjon og eksem. Her er ein framleis i stor grad avhengig av testing på frivillige forsøkspersonar (Human Repeat Insult Patch Test).

Det er stor variasjon i regelverk og prosedyrer mellom ulike land og område.

Historikk

Dyreforsøk for å påvise irritasjon eller etsing vart etablert særleg etter at det på slutten av 1930-talet var ein del tilfelle i USA der menneske vart blinde etter bruk av maskara som inneheldt farlege stoff.

Dyreforsøk var lenge ein dominerande metode, men vart meir og meir oppfatta som kontroversielle. Frå 2004 vart det i EU/EØS-landa forbode å teste kosmetiske produkt på dyr, og frå 2009 også ingrediensar til kosmetiske produkt. Frå 2013 er det i EU- og EØS-landa totalforbod mot å omsette kosmetiske produkt dersom dei inneheld ingrediensar som er testa på dyr etter denne datoen, og det er ikkje høve til å søke om unntak frå forbodet.

I 2007 vart dei første in vitro-modellane som var meint å erstatte Draize-testen godkjende, seinare er ei rad hudirritasjonsmodellar med dyrking av celler og vev i laboratoriet utvikla. Det vert stadig utvikla mange nye kjemikal som treng testing.

Førebygging og behandling

Ein førebyggjer reaksjon mot irritantar ved mest mogleg å unngå kontakt, eventuelt ved hjelp av hanskar og åndedrettsvern, og om nødvendig også vernedrakt, skjold, ansiksskjermar og anna.

Etter eventuell kontakt bør ein så raskt som råd fjerne irritanten med skylling, vasking eller eventuelt pusting av frisk luft. Det er nyttig å bruke hudpleiemiddel som tek vare på fuktigheita i huda, enten det er oljar eller kremar. Ein bør vaske huda så sjeldan som rimeleg er råd for ikkje å fjerne dei naturlege beskyttande feittstoffa.

Behandlinga av irritasjonsreaksjonar vil først og fremst vere å unngå vidare kontakt med den aktuelle irritanten og andre irritantar. I alvorlege tilfelle kan ein bruke salver eller tablettar med kortikosteroid for å dempe symptoma. Ved manglande respons kan ein i meir ekstreme tilfelle vurdere å bruke kalsinevrinhemmar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg