Hanbali-skulen er den yngste og minste av de fire variantane av shariaenlovskulane») innanfor sunniislam. Han har namnet sitt frå den lærde Ahmad ibn Hanbal (780–855) frå Bagdad.

Ibn Hanbal var mest kjent som hadith-samlar, og hans verk al-Musnad er mellom dei mest autoritative av desse samlingane av profetens handlingar og utsegner. Hans rettstolkingar, som vart samla og systematisert i hundreåret etter, var derfor i sterk grad bygd på ei direkte lesing av hadith. Lovskulen som tok namnet etter han utvikla likevel også ein breiare juridisk metodologi, slik som dei andre lovskulane.

Ulikt dei tre andre sunniske lovskulane, dominerte ikkje hanbali-skulen i noko bestemt geografisk område. Han vart meir ein «juristanes jus», som grupper av rettslærde i dei sentrale lærdomssentra i riket – som Kairo, Damaskus og Bagdad – knytte seg til. Av dei mest kjente hanbali-lærde i mellomalderen var Ibn Taymiyya (død i 1328) som har inspirert mange av dagens salafistar.

wahhabi-rørsla breidde seg ut på den arabiske halvøya sist på 1700-talet, vart også denne ofte knytta til hanbali-skulen, slik at dagens Saudi-Arabia i stor grad bygger på denne lovskulen. Også Qatar har hanbali-lova som sin foretrukne lovskule.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg