Fast drivstoff er rakettdrivstoff der brensel og oksidasjonsmiddel er i fast form. Drivstoffet vert pressa eller støypt slik at det passar inn i kroppen og forbrenningskammeret til ein rakettmotor. Når drivstoffet vert antent, brenn det med konstant hastigheit på alle opne flater.

Slikt drivstoff kan likne på krutt, ein lagar tilpassa drifstoffblandingar for å oppnå dei eigenskapane ein ynskjer drivstoffet og raketten vil ha. Drivstoffet inni motoren kan formast i ulike former påvirkar forbrenningsprofilen. Ein motor som nyttar fast drivstoff vil ha litt dårlegare yting enn væskemotorar. Difor vert faststoff-motorar stort sett brukt i hjelperaketter som yt ekstra kraft i starten av ei oppskyting.

Vanlege døme

I motorar for bærerakettar vert det oftast brukt ein type kompositt-drivstoff. Dette vart til dømes brukt i faststoffmotorane til den amerikanske romferga. Dei romma kvar 504 tonn drivstoff som består av ei drivstoffblanding kalla APCP, som var laga av 69,6 % ammoniumperklorat (oksidasjonsmiddel), 16 % aluminiumspulver (brensel), 0,4 % jernoksid (katalysator) samt 1,96 % polymer/epoksy (bindemiddel/vulkaniseringsmiddel) kalla PBAN.

Sidan det er forhaldsvis enkelt å handtere motorar med fast drifstoff samanlikna med væskemotorar, er dette ofte nytta for amatørrakettar også. Ein kan kjøpe ferdigstøypte motorar, tilpassa ulike rakettstorleikar. Nokre lagar også eige drivstoff basert på ei sukkerblanding som drivstoff samt eit oksidasjonsmiddel.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg