Etiopiabobo er ein stor sporvefugl i buskvarslarfamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.
Faktaboks
- Vitskapeleg namn
- Laniarius aethiopicus
- Beskriven av
- (Johann Friedrich Gmelin, 1789)
Vaksne hannar veg rundt 56 gram og hofuglane rundt 48 gram.
Arten er knytt til fuktig og tørr tropisk skog, tropisk fjellskog, hagar, tørr savanne, og tørr, fuktig og høgtliggjande tropisk buskmark. Etiopiabobo er ein jegar som lever av mange ulike byttedyr, mellom anna virvellause dyr (invertebratar), små varmblodige dyr og vekselvarme virveldyr som han fangar på bakken og i skogen.
I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.