Enkomponentdrivstoff er flytande rakettdrivstoff med brensel og oksidasjonsmiddel i ein og same substans, som ved oppvarming eller bruk av ein katalysator vert nedbrote slik at gass og varme vert frigjort. Varm gass vert leda gjennom ei dyse som då fører til skyvkraft.

Eit døme på ein-komponentdrivstoff er hydrazin i kombinasjon med ein iridium-katalysator. Dette er eit hypergolisk drivstoff, som betyr at det antenne spontant. Einkomponentdrivstoff er er ein av fleire typar drivstoff brukt i væskemotorer for rakettar. Slikt drivstoff vert gjerne brukt i små motorar for retningskontroll og banekontroll av satellittar og romfartøy, ikkje i store bærerakettar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg