Eigedomsskattelova er ei norsk lov som regulerer høvet kommunane har til å innkrevje eigedomsskatt. Det er kommunestyra og eventuelt byrådet som sjølv avgjer korvidt kommunen skal krevje eigedomsskatt. Lova legg føringar for utrekning av eigedomsskatt for både bustadar og næringseigedom, i tillegg til å regulere administrativ og rettsleg prøving av einskilde skattevedtak. Skattegrunnlaget for bustader og fritidsbustader er sett til 70% av verdisetjinga ved eit fritt sal. Taksering av vindkraftverk, kraftnett og andre anlegg skal setjast til det tekniske verdet, eller avkastningsverdi når dette samsvarar best med eigedomsverdi.

Faktaboks

Fullt namn
Lov om eigedomsskatt til kommunane
Kortnamn
Eigedomsskattelova
Tredd i kraft
01.01.1976
Lovdata-ID
NL/lov/1975-06-06-29

Eigedomsskatt har historisk sett vore ei viktig inntektskjelde for kommunar og herad. Formålet ved lovendringa av 1974 var å revurdere skattens innretning ettersom kommunale utgifter, høvesvis ved vass- og avløpsanleggslova, hadde vorte dekkja på anna vis. Rundt 1885 utgjorde eigedomsskatten 42% av dei samla skattane til dåverande herad og fylke.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg