Gbaya er eit afrikansk språk som høyrer heime i dialektkontinuumet gbaya-manza-mgbaka, som først og fremst blir snakka i Den sentralafrikanske republikken (RCA), men også i Kamerun (på tvers av landet og litt over grensa mot Nigeria) og i tilgrensande område av Sudan, Sør-Sudan, DR Kongo og R Kongo. Talet på førstespråkstalarar ligg truleg kring 1,5 mill.

Faktaboks

Uttale
gbˈaya
Også kjend som

baya og gbeya

Endonymet er gbáyá. Gbaya har ingen offisiell status i noko land.

Gbaya er primært ein etnisk term, og eit språk gbaya er ikkje eintydig definert på dette grunnlaget. Det finst etniske grupper som ikkje kallar seg gbaya, men med talemål som ligg nær talemåla til grupper som kallar seg gbaya.

Den viktigaste varianten er nordvest-gbaya — kalt gbáyá kara i RCA og gbáyá yaáyuwee i Kamerun. Talet på førstespråkstalarar ligg rundt 267 000 (2023). Nordvest-gbaya er den best beskrivne varianten, med både grammatikk, ordbok og bibelomsetjing. Han er ganske einsarta.

Ortografien til gbaya er laga av misjonærar på 1900-talet. Opphavleg hadde katolske og protestantiske misjonærar laga kvar sin ortografi, etter svært ulike prinsipp, men på 1970-talet blei dei utvikla ein sams ortografi, som er brukt i denne artikkelen.

Slektskap

I boka The Languages of Africa (1963) plasserte den amerikanske lingvisten Joseph Greenberg gbaya i ei undergruppe «ubangi» i greina «adamawa-ubangi» av niger-kongofamilien. Greina har namn etter Adamawa-platået i Nigeria, Kamerun og Den sentralafrikanske republikken og grenseelva Ubangi mellom Den sentralafrikanske republikken og DR Kongo.

Mange språk i Adamawa-området og Sentral-Afrika er dårleg utforska. Greenberg eller andre har ikkje lagt fram prov på at «adamawa-ubangi» er ei genetisk eining eller at «adamawa» og «ubangi» er genetiske einingar. Både «adamawa-språk» og «ubangi-språk» ser ikkje ut til å vere meir enn geografiske nemningar.

Språkstruktur

Beskrivinga nedanfor gjeld den kamerunske varianten gbáyá yaáyuwee av nordvest-gbaya.

Fonologi

Språket har sju korte og sju lange orale vokalar, det vil seie i e ɛ a ɔ o u, ii ee ɛɛ aa ɔɔ oo uu, og fem korte og fem lange nasale vokalar, det vil seie i̧ ȩ ɛ̧ a̧ ɔ̧ o̧ u̧, i̧i̧ ȩȩ ɛ̧ɛ̧ a̧a̧ ɔ̧ɔ̧ o̧o̧ u̧u̧.

Talet på konsonantar er 30: p t k kp ʔ b d g gb ɓ ɗ mb nd ŋg mgb m n ny ŋ ŋm f s h v z l vb r w y. Den labiodentale flappen vb [ⱱ] finst i nokre språk i Sentral-Afrika, men er elles berre kjend i språket sika på øya Flores i Indonesia. Dei labial-velare konsonantane gb kp mgb ŋm er vanlege i Sentral-Afrika og Vest-Afrika, men er elles sjeldne i verda, bortsett frå i mange språk på den vestlege dele av Ny-Guinea og i nokre språk i Søraust-Asia, som vietnamesisk.

Gbaya er eit tonespråk, som dei fleste afrikanske språk sønnanfor Sahara. Språket skil mellom ein høg tone (merkt med akutt-aksent, ´) og ein låg tone (ikkje merkt). Korte vokalar har éin tone kvar, lange vokalar har to tonar, som kan vere forskjellige eller like:

  • 'auge'
  • yi 'vatn'
  • dáá 'fornærmande'
  • dáa 'far'
  • daá 'fornærma'

Grammatikk

I gbaya er S-V-O (subjekt–verbal–objekt) den normale leddstillinga i ei setning. Grammatiske kategoriar knytte til verbet er uttrykte som ein partikkel føre eller eit suffiks etter verbet, som i desse eksempla:

subjekt verbal objekt
wa ɗaf-á matúa
dei reparere-PERFEKTIV bil

'Dei reparerte bilen'

subjekt verbal objekt
mi tɛ́ ɗafi matúa
eg FUTURUM reparere bil

'Eg skal reparere bilen'

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur om gbaya

  • Blanchard, Yves og Philip A. Noss 1982. Dictionnaire gbaya — français. Dialecte Yaayuwee. Meiganga: Mission Catholique de Meiganga, Eglise Evangélique Luthérienne du Cameroun.
  • Moñino, Yves 2010. The position of Gbaya-Manza-Ngbaka group among the Niger-Congo languages. Workshop "Genealogical classification in Africa beyond Greenberg". Berlin, Humboldt Universität, 2010 February 21-22.
  • Noss, Philip A. 1981. Gbaya: Phonologie et grammaire. Dialecte Yaayuwee. Meiganga: Eglise Evangélique Luthérienne du Cameroun.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg