Varhaug

Artikkelstart

Varhaug er ein tettstad i kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,5 km², og har 3283 innbyggjarar (2020).

Faktaboks

Innbyggertall
3283 (SSB, 2020)
Landareal
1,5 km² (SSB, 2020) km²
Tettstedsnummer
4572 Varhaug

Varhaug er administrasjonssenter i kommune, og ligg på Sør-Jæren, ved Varhaug stasjon på Sørlandsbanen. Varhaug har trevare- og møbelindustri, ferdigmatproduksjon og mølle. Gjennom tettstaden går Fv. 504.

Nordaust for Varhaug ligg Åna fengsel, tidlegare Opstad tvangsarbeidshus, populært kalt «Jæderen». Åna fengsel er i dag eit av dei største fengsla i landet, og til institusjonen høyrer ein av dei største gardane i landet.

Namnet er opprinneleg eit gardsnamn, siste ledd siktar til ein stor gravhaug på garden Nordvarhaug; fyrste ledd er truleg norrønt vǫr, 'steinsetting, steinsett grav' eller 'banke av sand eller grus, morene'.

Kart

Varhaug
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg