V. S. Naipaul

Faktaboks

V. S. Naipaul
Vidiadhar Surajprasad Naipaul
Uttale
nˈeipål
Født
17. august 1932, Trinidad og Tobago
Død
11. august 2018, London, Storbritannia

V.S. Naipaul

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

V. S. Naipaul var ein britisk forfattar av indisk avstamming, fødd i Trinidad. Han blei utnemnd til riddar i 1990 som Sir Vidia, og tildelt Nobelprisen i litteratur i 2001.

Tematikk

17 år gammal kom Naipaul til England og busette seg der. Ut frå minne om den karibiske oppveksten og opplevingar frå utstrekte reiser, særleg i Asia, Afrika og Sør-Amerika, har han skrive ei lang rekkje romanar, noveller og reportasjar, mange premierte, der rotløyse og kulturoppløysing etter samanbrotet til kolonialismen er sentrale motiv.

Romanar

I sin mest populære roman, A House for Mr Biswas (1961, norsk omsetjing i 2002), teikna Naipaul hovudpersonen etter far sin og gav tragikomiske skildringar av livet i Trinidad. Han har skildra Trinidads samtid i The Middle Passage (1962) og Trinidads historie i The Loss of El Dorado (1969).

Den fengslande romanen Guerrillas (1975; norsk omsetjing i 1976) er basert på valdshandlingane til den karibiske «Black Power»-leiaren Michael X. A Bend in the River (1979; norsk omsetjing Der elva krummer seg, 1980) er lagd til Afrika. I An Area of Darkness (1964) og India: A Wounded Civilisation (1977) gav Naipaul uttrykk for å vere desillusjonert over det moderne India, medan vi finn ei langt meir forståingsfull framstilling i India: A Million Mutinies Now (1990; norsk omsetjing India – raseri og revolt, 1993). Among the Believers (1981; norsk omsetjing Blant de troende, 1981) er ei dyster skildring av islamsk fundamentalisme, medan A Turn in the South (1989; norsk omsetjing Reise i sørstatene, 1990) er ein innsiktsfull rapport frå det sørlege USA.

I A Way in the World (1994; norsk omsetjing Golfo Triste, 1997) behandlar Naipaul endå ein gong emne frå «imperial history» på sin karakteristiske måte, i grenselandet mellom roman og dokumentar. Beyond Belief: Islamic Excursions Among the Converted Peoples (1998; norsk omsetjing Bortenfor troen: islamske ekskursjoner, 1999) er ei skildring av ikkje-arabiske muslimske samfunn i Asia. Half a Life (2001, norsk omsetjing i 2002) og framhaldet Magic Seeds (2004; norsk omsetjing i 2006) går føre seg i Europa, Afrika og India, og er ein studie i det å søkje etter identitet.

Andre utgivingar

Blant Naipauls novellesamlingar kan ein framheve Miguel Street (1959), og blant essaysamlingane The Overcrowded Barracoon (1972) og The Writer and the World (2002). Ei skisse til ein sjølvbiografi finst i Finding the Centre (1984), og The Enigma of Arrival (1987; norsk omsetjing Ankomsts gåte, 1988) er sjølvbiografi i romanform.

Utmerkingar og familie

Naipaul blei tildelt Nobelprisen i litteratur i 2001. Tildelinga var ikkje ukontroversiell, på bakgrunn av kva som i ein del krinsar blir oppfatta som forfattaren sin arroganse og nedlatande haldning overfor enkelte samfunn og annleis tenkjande menneske.

Vidiadhar Surajprasad Naipaul er bror av Shiva Naipaul.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Gupta, Suman: V.S. Naipaul, 1999 (Writers and their work), isbn 0-7463-0897-3, Finn boken
  • Hayward, Helen: The enigma of V.S. Naipaul : sources and contexts, 2002, isbn 1403902933, Finn boken
  • Hughes, Peter: V.S. Naipaul, 1988, isbn 0-415-00654-6, Finn boken
  • King, Bruce: V.S. Naipaul, 2nd ed., 2003, isbn 1-4039-0456-1, Finn boken
  • Nightingale, Peggy: Journey through darkness: the writing of V.S. Naipaul, 1987, isbn 0-7022-2016-7, Finn boken

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg