Faktaboks

Tunhovdfjorden

Tunnhovdfjorden

Etymologi
Første ledd elvenavnet Þund, ‘den svulmende’, siste ledd norrønt hǫfði, ‘fjellpynt’.
Tunhovdfjorden.
Tunhovdfjorden.

Tunhovdfjorden er ein innsjø i Nore og Uvdal kommune, i Buskerud fylke, nord i Numedal. Innsjøen ligg 734–716 meter over havet og har eit areal på 25,0 km2. Han er skild frå Pålsbufjorden i nordvest med Pålsbudammen. Tunhovdfjorden har avløp gjennom Numedalslågen, som kort etter utløpet av Tunhovdfjorden dannar Norefalla.

Tunhovdfjorden er regulert til kraftføremål; ved sørenden av sjøen ligg Tunhovddammen og vasstunnelen sørover til kraftstasjonen Nore I (sjå Nore kraftverk).

Langs austsida av Tunhovdfjorden går fylkesveg 2806. Nord for Tunhovdfjorden, oppetter skråninga mot Tunhovdåsen (1083 meter over havet) ligg fjellgrenda Tunhovd med Tunhovd kyrkje frå 1942. Herfrå fører vegar til Rødberg i Numedal i sør, til Nesbyen i Hallingdal i aust og til Skurdalen i vest.

Det ligg mange hytter langs innsjøen. Litt opp frå nordbreidda ligg Langedrag naturpark og fjellgard med leirskule.

Kart

Tunhovdfjorden
Tunhovdfjorden
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg