Artikkelstart
Tomally er ei omforming av kvinnenamnet Teomalia som er samansett av forleddet Teo- og etterleddet -malia (frå Amalie).
Tomally er ei omforming av kvinnenamnet Teomalia som er samansett av forleddet Teo- og etterleddet -malia (frå Amalie).
Den fyrste som vart registrert med namnet, var Justine Catharine Thomally Wattne, fødd 1858. Ho var lærarinne ved «Mandals Middelskole».
I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Tomally som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Av dei som heitte Tomally i perioden 1900–2017, var det 65 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Tomally. Dette inneber at 35 prosent hadde Tomally som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.