Tidsreversjon (T) er ein matematisk operasjon som brukast i kvantefysikk. Denne abstrakte operasjonen snur tids-parameteren t til \(- \, t \) i dei fundamentale likningane for ein type prosess eller rørsle. Gravitasjon, elektromagnetisme og sterk  vekselverknad (sjå sterk vekselvirkning) er uendra (invariante) under tidsreversjon. Innanfor kvantefysikk skjer det også noko med bylgjefunksjonen (i kvantemekanikk) eller felt-operatorane (i kvantefeltteori, og elementærpartikkelfysikk) under tidsreversjon.

Ein  reknar med at alle typar vekselverknader er invariante   under ein kombinert CPT-transformasjon  der C står for ladningskonjugasjon (sjå ladningssymmetri), P-for en speliningstransformasjon (sjå speilingssymmetri) og T for  tidsreversjon. Eit brot på T-symmetri tyder dermed også eit brot på CP-symmetri.

Dersom ein filmar ein enkel prosess som eit kast av til dømes ei blykule, og køyrer filmen baklengs, kan ein sjå  ein tilnærma  mogleg prosess,-  dersom energitapet i form av friksjon (luftmotstand) er svært lite.  Vi har (tilnærma) T-symmetri. Tek vi derimot film av eit bilkræsj og køyrer filmen baklengs vil vi alle forstå at det vi ser  er ein umogleg prosess. I dei fleste daglegdagse prosessane har me ikkje T-symmetri. Tida kan ikkje snus. Dette har samanheng med den andre hovudsetninga i termodynamikk, som seier at eit fysisk system ikkje kan gå frå ein tilstand med stor uorden til ein tilstand med orden.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.