Signora er eit kvinnenamn som er kjent frå 1856. Det kan vere ein kombinasjon av det vanlege forleddet Sig- og -nora frå til dømes Leonora. Det er mindre truleg at Signora har bakgrunn i det italienske og spanske ordet signora som tyder ‘frue’.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Oluffa Signora Schjong fødd 1856 i Hønefoss.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 120 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Signora som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Signora i perioden 1900–2017, var det 79 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Signora. Dette inneber at 21 prosent hadde Signora som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg