Søndfjords Avis

Søndfjords Avis, tirsdag 17. august 1909
Av .

Artikkelstart

Søndfjords Avis var ei avis for Sunnfjord som vart gjeve ut frå 1898 til 1909. Avisa vart skipa i 1898 som organ for Venstre. Avisa vart rekna som radikal, og gjekk mellom anna inn for at Noreg skulle verte republikk.

Desse synsmåtane var tydeleg lite populære, for lesarkrinsen minka og avisa gjekk inn i 1909. Same året flytta ei anna venstreavis, Nordre Bergenhus Folkeblad, frå Askvoll til Florø – (sjå Firda Folkeblad).

Redaktørar

  • Elias Pedersen 1898-1903,
  • M. Vanberg 1903-1905,
  • O. Joh. Vasbotten 1905-1909
  • Olaf Rangsæter 1909.

O. Joh. Vasbotten var sakførar i Florø frå 1902 og vart ordførar i 1908. I 1909 vart han tilsett på Stortingets kontor der han vart kontorsjef 1920-1942.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg