Forside av Nordre Bergenhus Folkeblad

1919 var det siste året Nordre Bergenhus Folkeblad vart utgjeve.

Forside av Nordre Bergenhus Folkeblad
Nasjonalbilioteket .

Nordre Bergenhus Folkeblad var ei avis som vart skipa i Askvoll i Sunnfjord i 1906 og kom ut frå 1907 til 1919. Avisa heitte Firda Folkeblad både før og i lang tid etter, men ho fann sin identitet som klar Venstre-avis frå 1909, då nye eigarar flytta avisa til Florø under namnet Nordre Bergenhus Folkeblad.

Historie

Nordre Bergenhus Folkeblad hadde ei kort levetid, berre frå 1907 til 1919. Avisa vart skipa i Askvoll i 1906, men flytta til Florø alt i 1909, med første utgåve 9. september. Ti år seinare tok ho tilbake det opphavlege namnet, Firda Folkeblad.

Etter at Erik Natvik og Ola Hestebeit tok over avisa i 1908, gjekk eit lutlag av venstrefolk saman og kjøpte avisa i 1909.

Venstre-organ for Sunnfjord

Det finst ikkje gode opplagstal for korkje Firda Folkeblad eller Nordre Bergenhus Folkeblad frå dei første åra. I 1920, to år etter namneendringa, hadde bladet eit opplag på om lag 1850. Avisa hadde stillinga som Venstre-organet for Sunnfjord og var ei av berre to aviser i regionssentret Florø. Ein god indikasjon på utbreiinga finn vi i at lutlaget som flytta avisa til Florø, hadde 35 bidragsytarar frå så langt unna som Jølster.

Nordre Bergenhus Folkeblad vart skipa med Venstre-veljarar i tankane, og avisa kjempa for målsaka og fråhaldssaka, spesielt etter at Anders Matias Abrahamsen Lothe tok over som redaktør i 1911 og byrja å bruke nynorsk i avisa.

Avisa må ikkje forvekslast med ei anna avis med same namn som kom ut i Florø i 1887, og som truleg gjekk inn same året. Denne hadde undertittelen «Nyhets- og Avertissementsblad for Nordre Bergenhus Amt».

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Dahl, H. F. ofl., red. (2010): Norsk presses historie, bd. 1–4. Oslo: Universitetsforlaget
  • Eggum, T. (2009): På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde: Selja Forlag

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg