Faktaboks

Ragnhild Jepsen
Fødd
4. november 1969
Ragnhild Jepsen
.
Lisens: CC BY 2.0

Ragnhild Jepsen er ein norsk teolog og biskop. Ho er biskop i Bjørgvin bispedømme sidan 2023.

Utdanning

Jepsen voks opp i Ål i Hallingdal. Ho har teologisk embetseksamen frå Det teologiske menighetsfakultet (MF vitenskapelige høyskole for teologi, religion og samfunn) i 1995 og praktisk-teologisk eksamen same stad i 1997. Ho blei ordinert i Ål kyrkje same året.

Karriere

Ragnhild Jepsen var kapellan i Åmot i Hamar bispedømme frå 1997, kapellan i Nidaros domkyrkje frå 2003, sokneprest same stad frå 2006. Ho var domprost i Nidaros frå 2011. 16. april 2023 blei ho vigsla til biskop i Bergen domkyrkja. Ho er den første kvinna i dette embetet.

Jepsen har vore prosjektleiar for ei rekkje arrangement og feiringer i Nidaros domkyrkje. Ho har vore styremedlem i Stiftelsen Olavfestdagene sidan 2009 og medlem av styringsgruppa for Nasjonaljubileet 2030 sidan 2016.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg