Xining

.
Lisens: CC BY 2.0

Xining er ein by i Kina og provinshovudstad i Qinghai, 175 km nordvest for Lanzhou, 22761 moh., ved Huangelva. Byen har 2 355 000 innbyggarar (2017).

Faktaboks

Også kjent som

西宁市

Xining er den største byen på Qinghai-Tibet-platået, og er sentrum for Qinghaiprovinsens aktivitetar med omsyn til politikk, økonomi, kultur, utdanning, vitskap, transport og kommunikasjon.

Området rundt Xining er rikt på mineral-ressursar.

Xining har tørt klima med mykje solskin og lite nedbør; kuldegrader om vinteren og sommartemperatur mellom 17 og 19 grader celsius.

Byen har godt utbygd offentleg busstransport, jernbane til Lhasa (Tibet-jernbanen) og høghastighetstog til Lanzhou og Ürümqi. Byen er tilknytta det fiberoptiske nettverket frå Lanzhou til Lhasa. Byen har også ein moderne flyplass.

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg