Faktaboks

Qianlong

乾隆

Wade-Giles-transkripsjon: Ch'ien-lung

opprinnelig navn Hongli

Uttale
tʃien-
Fødd
25. september 1711
Død
7. februar 1799
Qianlong, 1736
Qianlong, 1736
Av /𝒲.

Qiánlóng (乾隆) var ei betydeleg regjeringsperiode i Qing-dynastiet i Kina. Keisaren i denne perioden er med sine 60 regjeringsår (1735–1796) blant dei lengst regjerande statsleiarane i verdshistoria. I desse åra nådde Kina si største utstrekning og Qing-dynastiet sitt høgdepunkt.

Namn og bakgrunn

Qianlong, som tyder «himmelsk velstand», er eigentleg namnet på herskarperioden frå 1735 til 1796. Difor er det aller riktigast å kalle han «Qianlong-keisaren» på norsk.

Det mandsjuiske namnet hans var Aisin Gioro og det kinesiske namnet Hongli. Tempelnamnet var Gaozong.

Han viste tidleg teikn til særskilde intellektuelle og militære evner og vart peikt ut som tronfølgjar trass i at han var fjerde son i rekkja. Han fekk ei allsidig utdanning og utmerkte seg etter kvart på mange felt, mellom anna som kunstnar.

Regjeringstid

Regjeringstida til Qianlong-keisaren spente over både gullalderen til Qing-dynastiet og den byrjande tilbakegangen.

Dei første tiåra av det lange styret hans var prega av fleire militære bragder. Han fullførte koloniseringa av Tibet. Dessutan makta han endeleg å slå ned dzungarane, ei samling mongolske folkeslag i vest, som så vart straffa for det tolmodige opprøret sitt mot Qing-staten ved å bli offer for folkemord. Deira område vart til Xinjiang. Med desse og andre erobringar nådde Kina den største utstrekninga si nokosinne under Qianlong-keisaren. Kina nyt godt av dei territoriale erobringane hans den dag i dag.

Qianlong-keisaren gjennomførte omfattande reiser, hadde ambisjonar som litterat, målar og kalligraf, og sponsa kunst og dikting. Men han var òg ein despot, gjennomførte blant anna ein grundig litterær inkvisisjon og behandla uavhengige menn med stor råskap.

Korrupsjon, ein ekstravagant livsstil ved hoffet og massive byggjeprosjekt førte etter kvart til økonomiske vanskar. Ein motvilje mot politiske reformer skapte dessutan eit gammaldags og tungrodd system. Ein trur òg at Qianlong-keisaren var ramma av demens i seinare år. Qing-dynastiet kom seg aldri etter nedgangen som byrja under hans styre.

Qianlong-keisaren abdiserte i 1796 etter 60 år på trona. Det gjorde han av respekt for bestefar sin, Kangxi-keisaren, som hadde styrt i 60 år då han døydde. I praksis hadde Qianlong likevel makta til han døydde i 1799.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Qianlong

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg