Pilar er eit kvinnenamn som er eit spansk påkallingsnamn brukt om jomfru Maria: «Virgen Maria del pilar».

Bakgrunnen for dette påkallingsnamnet er at jomfru Maria skal ha vist seg ved ei søyle (jamfør det spanske ordet pilar).

Kulturell bruk

  • Pilar er ei revolusjonær kvinne under den spanske borgarkrigen i «Klokkene ringer for deg» (1940) av Ernest Hemingway, filmatisert i 1943.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Pilar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg