Faktaboks

Per Kleiva
Fødd
1. april 1933, Torsken
Død
17. september 2017
Verke
Maler, grafiker, objekt- og installasjonskunstner
Familie

Foreldre: Lærer og forfatter Ivar Kleiva (1903–98) og Frida Pettersen (1905–63).

Gift med underdirektør Ida Drage (23.2.1942–), datter av Knut Drage og Ingrid Spidsberg.

At hendene er våre eigne

At hendene er våre eigne av Per Kleiva frå 1977. Måla på akryl med furupanel bak. 138 x 160 cm

© /KF-arkiv ※ BONO.
Lisens: Vernet verk
Blad frå Imperialismens dagbok II
Blad frå Imperialismens dagbok II av Per Kleiva frå 1971. Silketrykk på papir, 59,6, x 59,6 cm. Nasjonalmuseet i Oslo
© /BONO.
Lisens: Vernet verk

Per Kleiva er ein norsk målar og grafikar. Som grafikar er Kleiva mellom anna kjent for silketrykka sine frå perioden i GRAS-gruppa i byrjinga av 1970-åra.

Han var elev ved Statens Kunstakademi i 1955–1957. Seinare studerte han mellom anna ved Det Kongelige Danske Kunstakademi i København.

Reklame, teikning og arbeid hos Skaar Olsen

For Kleiva vart teikneundervisning byrjinga på skoleringa hans. Jostein Øverli vart hans første lærar då Kleiva tok eit brevkurs i teikning på slutten av 1940-talet. På byrjinga av 1950-talet var han kveldselev ved Kunst- og handverksskulen i Bergen, der han gjekk på reklamelinja og bokillustrasjonslinja. Etter kvart fekk han undervisning av Alf-Jørgen Aas ved Studieatelieret i Bergen (no Bryggen kunstskule). Ein av dei viktige personane som Kleiva vart kjend med då han gjekk på Bergens Kunsthåndverksskole, var Sven Skaar Olsen. Han dreiv ein silketrykkverkstad i Oslo. Skaar Olsen bidro sterkt til at Kleiva tok i bruk silketrykket i sin kunst. Som løn for arbeidet han gjorde for Skaar Olsen i verkstaden, fekk han trykke nokon av sine første serigrafiar gratis hos han. Kleiva fekk òg inspirasjon til sitt formuttrykk då han arbeidde med trykkinga av Gunnar S. Gundersens serigrafiar. Skarpt avgrensa former og reine fargeflater blei eit verkemiddel også i Kleiva sin kunst.

Akademiet

Kleiva hadde i utgangspunktet ingen idé om at han skulle bli kunstnar. Han søkte likevel Statens kunstakademi i 1955, ein institusjon som han i utgangspunktet var svært kritisk til. Til si store overraskinga kom han inn. Han vart elev av Per Krohg.

Han var professor ved Statens kunstakademi i perioden 1987–1993.

Ei avgjerande utstilling

Den amerikanske popkunstutstillinga 106 former for kjærlighet og fortvilelse, som vart vist i 1964 ved Louisiana kunstmuseum utanfor København, gjorde sterkt inntrykk på Kleiva. Denne utstillinga skulle bli eit vendepunkt for han. Her vart han presentert for ein ny estetikk med nye bilettema og variasjonar i biletspråk som inspirerte til oppbrot frå det tradisjonelle i biletmediet. Friskheten og vitaliteten, samfunnskritikken og kommunikasjonsbehovet som dei amerikanske popkunstnarane formidla, vart ein motivasjon for skipinga av gruppa 14 unge i 1965. Gruppa var eit kollegialt fellesskap og kan karakteriserast som svært lite homogen i forhold til tema og estetikk.

Per Kleiva og GRAS

På slutten av 1960-talet og utover i 1970-åra vart fleire kunstnargrupper danna. Den største av dei var GRAS-gruppa. Namnet gras var det Per Kleiva som kom på, og eigentleg var den tenkt som ein arbeidstittel. Men med den tydelege symbolikken, noko som veks og gror, vart den veranda. Delar av gruppa starta sin eigen silketrykkverkstad i Oslo i 1969, først som eit kortvarig prosjekt og ei provisorisk verkstad-løysing i den nedlagde gamle skulen på Vaterland. Seinare same år flytta dei til Hjelms gate 3, eit hus tenkt for motkulturell og kreativ aktivitet på fleire kunstnariske felt, ikkje berre bildekunst. Etter kort tid var det fleire i gruppa som såg behovet for eit grafikk-kollektiv som kunne oppretthalde fellesskapet og GRAS-kjensla. Då Morten Krohg kom over eit betre egna lokale i Christian Krohg gate som dei kunne flytte inn i, vart det meir fart i arbeidet med dei politiske ytringane i kunsten. Dei som var med i GRAS-gruppa på dette tidspunktet i tillegg til Per Kleiva var: Siri Aurdal, Øivind Brune, Bjørn Melbye Gulliksen, Anders Kjær, Eva Lange, Victor Lind, Olav Orud, Jan Radlgruber, Asle Raaen, Egil Storeide, Willi Storn og Morten Krohg.

Nokre av dei tidlege motiva til Kleiva frå Gras-perioden hadde tema som var knytt til USA si krigføring i Sørøst-Asia (Vietnamkrigen). Amerikanske sommerfugler og dei tre motiva Fra imperialismens dagbok I, II og III (1971), er framleis ei påminning om den krafta som ligg i visuelle, politiske utsegn og har festa seg i vårt kollektive minne.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Finborud, Lars Mørch & Thomas Flor. POP ETC. : Norsk popkunst 1964–1974. Oslo: Orfeus / Henie Onstad Kunstsenter, 2015.
  • Flor, Harald. "Politisk grobunn for billedmessig mangfold." Katalogforord til utstillingen "GRAS-10 år etter".Hammerlund 1983.
  • Hennum, Gerd. Med kunsten som våpen: Unge kunnstnere i opprør 1960-1975. Oslo: Schibsted, 2007.
  • Renberg, Ulf, Harald Flor og Jan Erik Vold. Per Kleiva. Oslo: Labyrinth Press, 1986.
  • Vindheim, Jan B. "Brennpunkt: Hjelmsgate. Noen radikale understrømninger". https://vindheim.net/motkultur/brennpunkt.html

Faktaboks

Per Kleiva

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg