Othelie er eit kvinnenamn som går tilbake til Otilia, ei latinisering (opphavleg Odilia) av gammalhøgtysk Odila og Otila som er kjæleformer av mellom anna Oda.

Namnet har fleire variantar: Otelia, Otelie, Othelia, Othelie, Othilia, Othilie, Otilia, Otilie.

Namnestatistikk

I 2022 var det 235 kvinner i Noreg som hadde Othelie som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 19 jenter som fekk namnet Othelie.

Av dei som heitte Othelie i perioden 1900–2017, var det 85 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Othelie. Dette inneber at 15 prosent hadde Othelie som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg