Artikkelstart
Olav Sande var lærar og folkeminne- og folkemusikksamlar.
Olav Øysteinson Sande
Olav Sande var lærar og folkeminne- og folkemusikksamlar.
På Stord vart Sande engasjert i målsaka. Til liks med fleire bondefødde lærarar i samtida var han aktiv i fråhaldsarbeid, folkevæpningslag, frilynt ungdomsarbeid og venstrepolitikk. På søndagar utan gudsteneste heldt han møte med andakt i skulestova, og om vintrane arrangerte han ofte kveldsskule for ungdom.
Då Vestmannalaget i 1880 lyste ut ein konkurranse om den beste bibelsoga på landsmål, var Sande ein av dei som sende inn manuskript, utan å vinne. Seinare fekk han nyss om at lærarane i juryen hadde tykt best om hans utkast, og han forkorta og forbetra manuskriptet i samråd med mellom andre Matias Skard og Elias Blix. Boka kom ut på Samlaget og vart godkjend til skulebruk i 1895.
Heilt frå dei første læraråra skreiv Sande mykje i fleire aviser og tidsskrift, og i 1889 gav han ut forteljinga Innestengt.
Sande samla folkeminne og gav ut to band med segner frå Sogn. Frå tidleg i 1890-åra samla han folketonar, og frå 1899 fekk han statsstøtte til dette arbeidet. I dei fem tonesamlingane hans finn vi i tillegg til tradisjonsstoff også ein god del eigne komposisjonar. Mellom kjende tonar av Sande er «Himmelske Fader» og «Det stig av hav eit alveland».
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.