Nytt demokrati er eit gresk politisk parti (konservativt). ND blei skipa i 1974, etter juntaens fall, av Konstantinos Karamanlis. Karamanlis heldt fram som partileiar til 1980.

Faktaboks

Også kjend som

gresk Νέα Δημοκρατία (Néa Dimokratía), ND

Leiar av partiet frå januar 2016 er Kyriakos Mitsotakis.

Valoppslutning

Nytt demokrati deltok for første gong i parlamentsvalet i 1974 og blei største parti med over 54 prosent av røystene. Dei neste åra stadfesta partiet sin posisjon som eit av landets største. Frå 1977 og fram til 2012 veksla Nytt demokrati og sosialistiske PASOK på å vere Hellas' største parti.

Ved valet i mai 2012 oppnådde partiet sitt lågaste resultat sidan skipinga med 18,85 prosent av røystene, men ved nyvalet i juni same år steig oppslutninga til rundt 29,7 prosent. Det gjorde at ND heldt posisjonen som største parti med 129 av 300 parlamentsmedlemmer. Etter fleire mislukka forsøk på å danne regjering, gjekk ND inn i eit regjeringssamarbeid med det rivaliserande partiet PASOK.

I desember 2014 lyste statsminister Antonis Samaras ut tidleg presidentval, men etter tre runder i parlamentet blei det klart at han ikkje klarte å samla nok røyster for sin presidentkandidat. Samaras blei difor tvungen til å gå av og det blei lyst ut nyval. Ved parlamentsvalet i januar 2015 fekk Nytt demokrati kun 27,81 prosent av røystene og 76 parlamentsmedlemmer. Partiet blei med dette redusert til landets nest største parti etter det venstreradikale SYRIZA.

I Europaparlamentsvalet i mai 2014 fekk ND 22,75 prosent av røystene og fem medlemmer i Europaparlamentet.

ND vann igjen popularitet fram mot Europaparlamentsvalet i mai 2019. Valet endte med siger for partiet med 33,1 prosent av røystene i Hellas og 8 seter i Europaparlamentet. Dette førte til at det blei lyst ut nyval i Hellas. Det ekstraordinære greske parlamentsvalet fann stad 7. juli 2019 og var ein klar siger for ND med 39,85 prosent av røystene. Dette er det høgaste valresultatet sidan 2007. ND vann med dette fleirtalet i parlamentet med 158 av 300 seter. 8. juli 2019 blei partileiar Kyriakos Mitsotakis svoren inn som statsminister.

Partileiarar

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg